Högre seminarium - Odd Einar Haugen

Torsdagen den 23 april klockan 18.15 kommer prof Odd Einar Haugen 
från Universitetet i Bergen att hålla en presentation över ämnet 

"Edisjon og annotasjon av norrøne tekstar"

Odd Einar har sänt oss en kort presentation av föredraget:

"For berre 25 år sidan måtte ein ha tilgang anten til sjølve handskriftet eller til ei dyr faksimileutgåve (som regel i svart/kvitt) dersom ein ville transkribere og gje ut ein norrøn tekst, eller andre eldre tekstar. No kan ein skaffe seg digitale fargefotografi i høg oppløysing av dei fleste handskrifter, i nokre tilfelle gratis, i andre tilfelle til ein rimeleg pris og i atter andre til ein litt mindre rimeleg pris. Men så snart ein har fått tilgang på ein slik digital faksimile, kan ein gå i gang med transkripsjon av teksten. I tillegg kan ein også annotere transkripsjonen, t.d. med tanke på morfologi og syntaks. Dette er ein aldri så liten revolusjon av arbeidet med gamle tekstar, og det er også ei demokratisering. Slikt arbeid kan no gjerast også ved små institusjonar, langt unna dei sentrale arkiva og biblioteka på feltet.

I dette foredraget vil eg vise dei praktiske stega med slikt arbeid, tilpassa eit seminar for vidarekomne studentar som vi har halde i Bergen dette semesteret. Utgangspunktet er ein gammalnorsk tekst (omsett frå latin), Pamphilus saga, som står i eit gammalnorsk handskrift frå ca. 1270, Uppsala De la Gardie 4-7. På seminaret byrja vi med å transkribere teksten diplomatarisk, og deretter konverterte vi han til XML slik at den kunne publiserast i Medieval Nordic Text Archive. Deretter vart teksten annotert morfologisk, dvs. at kvart ord i teksten vart bestemt med grammatisk form, ordklasse og oppslagsform, og endeleg vart den annotert syntaktisk. Medan morfologisk annotasjon er tidkrevjande, men nokså rett fram etter nasen, er det fleire modellar for syntaktisk annotasjon. Vi har valt dependensanalyse, som er veleigna for språk med relativt fri ordstilling. Resultatet av den morfologiske og syntaktiske annotasjonen er tilgjengeleg i PROIEL-basen, der det finst annoterte tekstar på eit titals andre språk (gresk, latin, armensk, kyrkjeslavisk, gotisk, gammalengelsk, gammalfransk, gammalspansk, gammalportugisisk - og no også gammalnorsk)."

Platsen är Skandinavistikas bibliotek på Ülikooli 17, rum 305.

POSTSEMINARIUM

10.-12. maini toimub rahvusvaheline noorte filoloogide konverents

1960. aastate algusest korraldatakse Tartu Ülikooli slavistika osakonnas üliõpilaskonverentse. Teadusfoorumile panid aluse prof. Juri Lotman ja prof. Zara Mints ning järgnenud aastakümnete jooksul muutusid konverentsid unikaalseks teaduskooliks, kus formeerusid mitu põlvkonda maailmakuulsaid slaviste.
Rahvusvaheline Ulmeuuringute Ühingu suur aastakonverents 07.-11.05.2024

Tartu Ülikoolis toimub Rahvusvahelise Ulmeuuringute Ühingu suur aastakonverents

Laps nutiseadmega

Kõne-eelne nutikohtumine võõrkeelega päästab lapse aktsendist